Våre tenester
Me tilbyr profesjonelle sveisetenester, mekaniske tenester og transportløysingar til industri- og anleggsbransjen. Våre erfarne arbeidarar kan handtere alt frå reparasjonar av containerar og graveskuffer til røyrsveis og aluminiumsveis. Me har også mekanisk kompetanse og kan bistå med diverse mekaniske oppdrag. Vår eigen transportavdeling sikrar effektiv levering av materialer og utstyr til lokasjon, eller andre transportoppdrag, både langtransport og lokalt. Med base på Bømlo tek me oppdrag på Bømlo, Stord, Fitjar, Kvinnherad, Tysnes, Sveio og Haugesund, og me tek gjerne jobbar lenger unna òg.
Sveisetenester
Me sveisar det meste – enten i vår velutstyrte verkstad eller vår mobile verkstad ute hos kunden. Du vel løysinga, me sørgjer for resultatet. Treng du sveis ute hos deg? Les meir om mobil sveis. Skal du ha sveisa aluminium? Les meir om aluminiumsveis. Treng du sveising av røyr? Les meir om røyrsveis.
Fabrikasjon av deler og utstyr
Treng du ein del som ikkje lenger er å få tak i, eller utstyr som er laga etter mål? Me fabrikerer delar og utstyr i stål og aluminium – etter teikning, mål eller ein gammal del du har liggjande. Alt blir laga i verkstaden vår på Bømlo, og me hjelper deg gjerne med å finna den beste løysinga for jobben.
Containerreparasjon og vedlikehald
Me reparerer og vedlikeheld containerar på ein kostnadseffektiv måte for å forlengja levetida og sikra trygg bruk i lang tid framover.
Mekaniske tenester
Me har god mekanisk kompetanse og tek på oss service, reparasjon og vedlikehald av maskiner og utstyr. Treng du hjelp med eit mekanisk oppdrag, anten i verkstaden eller ute hos deg, så ta kontakt.
Transport
Me har vår eiga transportavdeling som kan hente og levere dine varer, bilar, båtar og andre ting. Les meir her
Anleggsbransjen
Anleggsutstyr blir utsett for hard bruk og krev jamlege reparasjonar for å halda seg i drift. Me er ein lokal og påliteleg samarbeidspartnar med solid fagkompetanse i å reparera graveskuffer, tippkassar, gravemaskiner og mykje anna utstyr. Me har også mekanisk kompetanse og kan bistå med reparasjon og service på anleggsmaskinar. Med vår kompetanse og nærleik kan me tilby raske, fleksible og solide løysingar – slik at maskinparken din kjem raskt tilbake i arbeid.

